Slaget ved Fort Frontenac

44°14′00″N 76°28′43″W / 44.23333°N 76.47861°W / 44.23333; -76.47861

Slaget ved Fort Frontenac
Del av Sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen

Slaget ved Fort Frontenac, 1758. (Gravering av J. Walker)
Dato 26.-27. august 1758
Stad dagens Kingston i Ontario
Resultat Britiske siger
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
Oberstløytnant John Bradstreet Pierre-Jacques Payen de Noyan et de Chavoy #
Styrkar
135 regulære
2500 militssoldatar
110
Tap
11 skadde 2 drepne
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Fort Frontenac fann stad 26. og 27. august 1758 under sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika) mellom Frankrike og Storbritannia. Slaget fann stad ved Fort Frontenac, eit fransk fort og handelsplass ved dagens Kingston i Ontario, ved austenden av Lake Ontario der St. Lawrence River munnar ut.

Oberstløytnant John Bradstreet leia ein arme på over 3000 mann, der 150 var regulære og resten var militssoldatar frå provinsane. Armeen omleira dei 110 franske soldatane som var i garnisonen inne i fortet og vann etter to dagar. Dette kutta kommunikasjon- og forsyningslinja mellom dei to store austlege sentera Montreal og Quebec City og dei vestlege områda til franskmennene (den nordlege ruta, langs Ottawa River, var open gjennom heile krigen). Britane tok 800 000 pund med varer frå handelsstasjonen.


Developed by StudentB